Viser arkivet for stikkord denstoreeplekrigen

Kven har det største eplet?

Hansken er kasta. Den vesle avisa Hardanger Folkeblad er frekke som fy og meiner dei kan slå oss i Telemark om kven som har det største eplet. Sjå her Telemark! skrik dei ut på framsida på Hardanger Folkeblad. Dei trur nemleg dei vinn årets slag om det største eplet. Vel, la oss plukke opp hansken og vise dei.

Veg opp det største eplet du har, last opp bildet i Telemarkher og la oss slå desse hardingane ned i støvlane! Vi treng berre eit større eple enn eit aroma på ‘usle’ 640 gram.